Soga om STAUT

Det heile starta i brytninga mellom eit pastellfarga 80-tal og 90-talet som var meir prega av bondeblått. På den tida farta Ørnulf og Asle rundt på det som var av folkemusikk- og runddansfestivalar i landet og vart lagt merke til med drivande hardingfelespel og gamaldansmusikk som fekk tradisjonsberarane i miljøet til å sete skråtobakken i vrangstrupen.

Tom og Dag Arve gjekk med støttesteg på heilt andre vegar og var rockeheltar og ungjenteidol - i alle fall i eigne auge. Dei spela høgt, fort og til dels ganske bra i kvar krok av landet som hadde ei mjølkerampe eller liknande som kunne brukast som scene.

Gaute og Torgeir gjekk og med støttesteg i den same perioden. Det var av di dei nett hadde lært å gå. På den tida var det heller ikkje vanleg med slike Up and Go-bleier så det var ikkje lett å halde balansen. Når ein i tillegg lyt nemna at gutane trødde sine fyrste steg på stølsvegane eit godt stykke nord i dalen så skjønar de sikkert at det vart ein del stygge skrubbsår.

Tida gjekk og dei to vesle gutane vart såpass store at Torgeir rakk opp på kontrabassen og Gaute rakk opp til mikrofonen, dersom stativet stod på det lægste stille.

Folkemusikk-gutane Asle og Ørnulf vart etterkvart svært opptekne av det som var typisk norsk og spesielt for oss nordbuarar. Ørnulf, som aldri var spesielt god i norsk på skulen, stod brått ein dag med ein målpris i handa. Den fekk han etter skjødeslaus omgang med ulike lyriske småstykke. Med eitt tok ein djevelsk plan form i skallen hans. Alle dialektforkjemparar på kvar minste berghylle i landet skulle få oppreisning - ein gong for alle.

Det gjekk rykte om at det budde ein ung, lovande song-sjarmør eit stykkje nord i dalen. Ja, så god var denne songaren at det gjekk gjetord om han i heile stølsgrenda. Kun ein liten skavank hadde han: Han tala bymål.

Guten heitte Gaute, eller Staute-Gaute som han vart kalla. Ørnulf sin plan gjekk i korte drag ut på å bortføre denne songfuglen, isolere han frå omverda for ei periode og hjernevaske han slik at han etter ei stund berre vart i stand til å synge på dialekt.

Planen fungerte som tenkt, og skulle du kome inn i eit trongt konsertlokale ein sein time og høyre ein kar som pratar bymål mellom låtane, men syng på klingande Valdres-dialekt - ja då har du kome ut for Staute-Gaute. Og bak han står heile STAUT og ser til at guten ikkje får tilbakefall…